Innhold
Prosjekter
Nyhetsbrev



Nye Norges Kristne Råd
Flyktningenettverket
Global Info
 Forsiden Hvem er vi? E-post

Bøneveka for kristen einskap 2010
18. - 25. JANUAR 2010 og heile året


"De er vitne om dette" (Luk 24,48) 
 

LAST NED MATERIALE TIL BØNEVEKA FOR KRISTEN EINSKAP 2010 HER:

PDF-FORMAT    |    WORD-FORMAT


Se også:  Om materialet    |    Historia til Bøneveka


Arbeidet for einskap - gjennom heile året
Bøneveka for kristen einskap har etter tradisjonen vore halde 18.-25. januar på den nordlege halvkula. Desse dagane blei foreslått av Paul Wattson i 1908 fordi dei ligg i tida mellom festane for apostlane Peter og Paulus.

Dermed får dei ei symbolsk tyding. Men på den sørlege halvkula er januar feriemånad, og kyrkjene der finn derfor andre tider til Bøneveka, til dømes kring pinse, slik det vart foreslått av Tru og kyrkjeordningsrørsla i 1926. Pinse er jo og ei symbolmetta tid for kristen einskap.

Men arbeidet for kristen einskap er ikkje avgrensa til ei veke kvart år. Vi oppmodar dykk derfor til ikkje berre å vera fleksible med omsyn til dato, men og til å sjå det materialet vi presenterer her som ei innbyding til gjennom heile året å finna høve til å markera den fellesskapen som kyrkjene alt er komne fram til, og til å be saman for den fulle einskapen etter Kristi vilje.

Tilpassing av teksta
Dette materialet legg vi fram i full forståing for at de, når det er mogleg, kan tilpassa det til bruk på lokalt nivå.  Da må det i tilfelle takast omsyn både til lokale tradisjonar for gudsteneste og liturgisk praksis og til heile den sosiale og kulturelle samanhengen ein står i.

Normalt bør ei slik lokal tilpassing skje i ei økumenisk ramme. Nokre stader finst det alt økumeniske strukturar som naturleg tar ansvar for å legge materialet til rette. Andre stader voner vi at trongen til tilpassing kan skapa grobotn for å danna slike strukturar.

Bruk av materialet for Bøneveka

"         Kyrkjer og forsamlingar som saman markerer Bøneveka gjennom ei einskild felles gudsteneste, kan nytta ordninga for økumenisk gudsteneste i materialet.

"         Kyrkjer og forsamlingar kan og gjerne innarbeida materialet frå Bøneveka i sine eigne gudstenester. Då kan ein nytta bøner frå den økumeniske gudstenesta, frå "dei åtte dagane", eller frå utvalet av tilleggsmaterialet slik det høver i eigne samanhenger. 

"         Forsamlingar som markerer Bøneveka med gudstenester kvar dag gjennom heile veka, kan nytta materialet frå "dei åtte dagane" til desse gudstenestene.

"         Dei som vil gjera bibelstudium over temaet for Bøneveka, kan nytta bibeltekstane og andaktane frå "dei åtte dagane" som utgangspunkt. Samtalane kan munna ut i bøn. 

"         Dei som ønskjer å be åleine, kan finna hjelp i materialet til å konkretisera bøna. Slik kan dei få visse om å be saman med kristne frå heile verda om at einskapen i Kristi kyrkje må verta synleg.  

Aktuelt

[26.08.10] Husk på Pakistan!

Global Info i Norges Kristne Råd oppfordrer norske menigheter til ikke å glemme menneskene som er rammet av den enorme flommen i Pakistan.

[23.08.10] Bli ledsager i Palestina og Israel


[15.07.10] Sommerstengt


> Flere aktueltsaker
> Aktivitetskalender


Aktiviteter


> Vis forestående aktiviteter
Våre medlemmer og observatører
MEDLEMMER:
Se også 
hele medlemsoversikten
m/kontaktinformasjon

Den Anglikanske kirke i Norge

Den Evangelisk Lutherske Frikirke
Den Katolske Kirke
Den norske kirke
Den ortodokse kirke-Hellige Nikolai menigh.
Den tyske menighet i Norge
Det Greske Orthodokse Samfunn
Det Norske Baptistsamfunn
Det Norske Misjonsforbund
 

Den serbisk ortodokse kirke i Norge 
- Hl. Vasilije Ostroski menighet

Frelsesarmeen
Guds Menighet, Vegårshei
Karismakirken

Metodistkirken i Norge

Oppdal Kristne Senter
Oslo kristne senter
Pinsebevegelsen i Norge
Svenska Maragarethakyrkan
Vennenes Samfunn Kvekerne

 

OBSERVATØRER:
Den finske menighet
Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn
Syvendedags Adventistsamfunnet
Den Etiopisk Ortodokse Kirke i Norge
Kirkens Nødhjelp
Det Norske Bibelselskap
Blå Kors Norge
NORME - Norsk Råd for Misjon og Evangelisering